Ole Mikal Olsen Ramsøy


Ole Mikal Olsen Ramsøy
(1959) begynte å bygge instrumenter i 1984. Han har bygget gitar til bl.a. Knut Reiersrud, Kato Sanden, Steinar Albrigtsen, Tore Bruvoll (Hekla Stålstenger) og Terje Nordby (Tramtateret).

Ole Mikal arbeider ved Hordamuseet og har instrumentbygging som hobby, til nå har han bygget omkring 30 stålstrengs gitarer og i tillegg klassisk gitar, barokkgitar, irske harper (Clarsach), lyre, lutt og viola da gamba.

Har so lenge eg kan huska vore fasinert av klangen frå akustiske sterngeinstrument. Det fyrste instrumentet eg laga var ei norsk folkeharpe (1984) So fekk eg tinging på ein stålstrengsgitar, kjøpte boka «A Guitar Makers Manual av Jim Williams og har sidan den tid bygd gitarar ved sida av jobben min på eit folkemuseum.

Frå ei kulturmønstring i Ravnanger grendahus i 1989. Foto: Askøyværingen 28. nov.1989.

Modell 1

 – Eg lagar tre gitarmodellar i Sobell tradisjon. Modell 1 er omlag på storleik med ein OM modell. Strengelengde 643 mm. Modell 2 er ein noko større gitar med djupare lydkasse, og med strengelengde 650 mm. Modell 3 er lik modell 2 berre med slankare lydkasse.

  
Modell 2 på arbeidsbenken t.h. og Modell 3 til venstre.

– Dei fyrste stålstrengsgitarane mine vart bygd i Martin tradisjon med tradisjonell x-bracing og ribbesystem, men eg syntes det var noko som mangla i klang, balanse og projeksjon. Etterkvart vart eg merksam på dyktig instrumentbyggjar i Northumberland, England,som heitte Stefan Sobell. Eg var på den tida, tidleg 1990-tal med i eit band som spela irsk-skotsk folkemusikk og eg kjøpte ein mandolin av Sobell. Eit fantastisk instrument! Eg vart merksam på at gitarane han bygde braut på fleire områder med den tradisjonelle amerikanske byggjemåten og hadde ein stor, balansert klang med god separasjon og projeksjon. Dette var  klangen eg var på jakt etter. Sobell har i fleire tiår vore ein av dei viktigaste instrumentbyggjarane for folkemusikarar i Storbritannia. Eg har vitja han i verkstaden og hatt mykje kontakt opp gjennom åra.

Gitarane mine er lett å kjenna att med lok og rygg som er tydeleg bøygd på tvers, og nesten ikkje i lengderetninga, og ein særleg utforma stol. Ribbesystemet under loket avviker ein del frå det tradisjonelle amerikanske ribbesystemet som dei fleste gitarbyggjarar i dag nyttar. Halsen er svært avstiva og er festa til gitarkassen med ein «English heel», som Sobell har utvikla. Det vert difor eit minimalt energitap mellom hals og kropp. I tillegg til truss rod er halsen forsterka med med to stenger av karbonfiber, ei på kvar side av truss rod.

– Det overordna byggjeprinsippet mitt er å ikkje å byggja «stress» inn i resonanskassen. Eg brukar lang tid på å arbeida med ribbesystemet. Det er alltid loket som bestemmer kor tid neste steg i liminga skal gjerast. Det kan ta opptil 14 dagar å lima alle ribbene på plass og forma dei til. Det same gjeld når loket vert limt mot sargen. Her skal alltid sargen tilpassast loket si endelege form, aldri omvendt. Utan bruk av tvinger skal sarg og lok liggja heilt tett mot kvarandre, før den endelege liminga. Med tvinger kan ein alltids pressa eit lok på plass, men då vert det bygd stress inn i loket og ein får ikkje fri, optimal klang.

Trevirket eg bruker i gitarane er mahogny eller wenge til hals. Gripebrett og stol i ibenholt. Lok av europeisk gran. Eller sitka gran med hazelfichte/bearclaw. Sarg og botn i vert laga i wenge, Indian rosewood, Honduras rosewood m.m.

Gold Gotoh 510 stemmeskruar. Seymour Duncan eller Highlander pick up.


Modell 1

Link til hjemmesiden:https://www.ramsoy-gitar.com/

(takk til Ola Mikal O. Ramsøy for info og bilder)

Comments are closed.