Alfred Muren

Muren-gitaren 

Alfred Muren (1898 – 1969) frå Gjerdsvika på Sunnmøre laget omkring 900 gitarer i tidsrommet 1946 – 1956.  Alfred hadde vært fisker og bygningsmann, startet med strikkevare-produksjon sammen med kona, og arbeidd i trevarefabrikk – før han startet med gitarproduksjon etter andre verdenskrig.

Muren-gitaren blei laga med lokk av kvistfri amerikansk furu – Oregon Pine. I sarg og bunn blei det bruka lønn.
      
De aller fleste av Muren-gitarene blei laga med denne særmerkte dekoren i lokket – rosetten-, og pynteborda langs kanten og rundt lydhullet.  Dette er håndlaga små detaljer som krevde tålmodighet og nøyaktighet i arbeidet, ørsmå finerbiter som blei limte i et utfreset spor, og som gir gitaren det spesielle særpreget.

                                     
 Bildet til venstre viser en nygift Alfred Muren (i 1925),  og kona Karen holder den aller første gitaren Alfred laga.  Til høyre ser vi Alfred og Karen framfor huset de bygget på Gjerdshaugen i 1938 (bilder utlånt av Idar Muren).

Fra 1947 blei gitarproduksjon fulltids arbeid for Alfred Muren, og de neste ti år laga han mellom 800 og 900 gitarer som bli solgt gjennom musikkhandlere, først og fremst
i Ålesund og andre vestlandsbyer, men også på Østlandet og i Nord-Norge. Han hadde i en periode en mann ansatt, og kona Karen tok også del i arbeidet, bl.a. med
kontroll av at det enkelte instrumentet var godt å spille på.

 
Her har Idar Muren, sønn av Alfred, gjordt ferdig en av tre gitarer som faren hadde laget halvfabrikata til før han døde i 1969.   Den samme gitaren som unge Ingrid Hesjadalen spiller på. (Stor takk til Idar Muren for all informasjon og alle bilder).

I denne youtubevideoen forteller sønnen til Alfred, Idar Muren om farens gitarproduksjon.

 

Murengitarer på rekke og rad.

        
Bror til Alfred, Bernt A. Muren, var smeden i bygda og det var han som laga alle tvingene som blei brukte i produksjonen.  Han laga også stanseverktøy som blei brukt til å stanse ut delene til rosetten og pynten på lokket.

                       

«Reklamefoto» tatt hos fotograf (ca. 1952). Dette bilde hadde Alfred med seg i lommeboka,
og på baksiden var notert utsalgspriser og priser til forhandler.

 

**************************************************************

(Artikkel skriven for ”Segn og Soge”, tidsskrift for Sande Sogelag 1991)

Ein mann og verket hans.

Av Idar Muren.
På oppmoding skal eg fortelje litt om far min, Alfred Muren, – og då særleg om gitarproduksjonen han dreiv med i åra like etter krigen. Far var fødd i Gjerdsvika 29. mars 1898, på ytste Muren-garden, i daglegtale kalla Holane. I bygda gjekk han under nemninga Hole-­Alfred. Foreldra var Ingeborg Marie, f. Halle, og Anton Muren (Leikangersæter). Han døde 2. januar 1969.
Like ettrer konfirmasjonen dreiv han fiske saman med faren og brørne sine. Seinare slo han inn på bygningsfaget. Tidleg på 30-talet, han var då ein mann i sine beste år, fekk han ein lei sjukdom som lenge batt han til sjukesenga. Namnet på sjukdomen veit eg ikkje, men den arta seg som ein snikande «lammelse». Det enda med at han vart liggjande lam, heilt opp til halsen. Han kunne ikkje røre ein finger. Han låg lenge, eg trur mest eit år, på Herøy Sjukeheim på Eggesbønes. Det var ingen som trudde at han nokon gong skulle kome på føter att. Men utruleg nok, mest som ved eit under, kom det litt etter litt liv i lemene. Sjølv om han ikkje kunne ta opp att sitt gamle yrke som bygningsmann, vart han etter kvart sterk nok til å sysle med ymse arbeid. Saman med mor starta han med produksjon av strikkevarer. Etter mykje slit og strev kom dei så langt at verksemda tok til å løne seg. Då kom krigen, og med den vanskar med å få god strikketråd. Dermed var det sett bom for den aktivite­ten.
Han tok så til å arbeide på trevarefabrikken til Johs. Sandanger i Gjerdsvika. Trass i ein veikskap i føtene etter sjukdomen, kunne han gjere fullt arbeid i fabrikken. At han etter dagens arbeid verkte i føtene og møddest med det, var det vel ikkje så mange som visste om. Eg ser endå for meg stampen med vatn som han sette føtene ned i, når han om kveldane sat heime på kjøkkenet og las i Bibelen, – eller i Sunnmørsposten og Vcstlandsnytt.

 Ein Muren-gitar. Om trykken er god, sjå den særmerkte
dekoren som er omtala i artikkelen.

Det var i siste krigsåra han tok til å sysle med tanken på gitar­produksjon. Ein kan undrast kva som får ein mann i ei lita kystbygd på Sunnmøre til å tenkje på noko så utradisjonelt. Opptakta til dette med gitarproduksjon skriv seg frå 1925/26. Då fekk den unge Alfred hug til å gje henne han var trulova med, ei gåve. Jenta var Karen Gotten, dotter til Anne Marta og Isak Gotten. Ho var då 21 år.
Gåva skulle vere spesiell hadde Alfred funne ut. Karen var ein musikalsk songfugl, så Alfred sette seg føre å gje henne ein gitar, -og denne gitaren skulle ikkje kjøpast i «bya», nei, den skulle han sjølv lage. Nevenyttig som han var, gav han seg i kast med oppgåva, som han sjølv sa: «—på kne og olboga på kjellargolvet heime på Holå.»
Resultatet vart ein godt brukande gitar, som mor nytta flittig i 25 – 30 år. Vi har teke vare på den gitaren.
I alle år etter at far laga denne første gitaren hadde han bore på eit ynskje om å lage fleire. Då krigen var over, og landet mangla så å seie alt, meinte han at tida var inne for å setje tanken ut i livet.
Han byrja så smått å lage ein og annan gitar, i kjellarhøgda i huset sitt på Gjerdshaugen. (Bygt i 1938). I den første tida var dette med gitarproduksjon noko han dreiv med på kveldstid. Så vidt eg hugsar gjekk det greitt å selje gitarane etter kvart dei vart laga. Ein gong, truleg i 1946 elle 1947, tok han steget fullt ut og byrja bokstaveleg tala på full tid (10 – 14t pr. dag) med gitarproduksjon. Etter ei tid tilsette han ein mann, Erling Hide, som arbeidde der nokre år. Midt på 50-talet, då konkurransen frå Tyskland og Japan tok til å merkast, slutta han med produksjonen.
Han fekk eit problem å hanskast med som kosta han mykje, både tid og pengar. Det viste seg at gitarar som vart selde til Austlandet etter ei tid lett fekk sprekker i loket. Dermed kom instrumentet i retur, det vart repara­sjonar, avslag i prisen o.s.b., og då røynte det hardt på ein økonomi som allereie var nokså anstrengt.
Det vil føre for langt her å kome inn på detaljar omkring dette problemet. Eg kan berre slå fast at han midt på 50-talet måtte slutte med gitarproduksjon.
I dei ca. 10 åra han dreiv med dette, laga han mellom 800 og 900 gitarar. Gitarane vert selde gjennom musikkhandlarar, først og fremst i Ålesund og andre vestlandsbyar, men også til Austlandet og Nord-­Noreg. Far leverte særs mange gitarar til Johs. Havnevik i Ålesund. For far var det litt av ei fjør i hatten at sjølvaste Per Bolstad, som prøvespelte gitarar for Havnevik, hadde mange godord å seie om Muren-gitarane. I dag hadde vel noko slikt blitt utnytta i annonse­kampanjar.
Mange har spurt meg om kva slags materialar far nytta i gitarane. Eg veit at han til lok brukte kvistfri amerikansk furu, Oregon Pine. (Det må ha vore det første engelske ordet eg lærte å seie). Til sarg (kanten rundt) og til botn meiner eg han brukte lønn. Eg hugsar som eit barneminne at eg fekk sitje på lasteplanet då han ein gong leigde Reidulf Muren sin lastebil for å hente eit par digre lønnetre han hadde kjøpt på Dimna i Ulstein. Minnest eg ikkje feil så hadde dei stått på prestegarden. I alle høve var dette så mykje lønn at eg trur det dekte behovet for mange års produksjon.

Alfred i verkstaden på Gjerdshaugen

Gitarane var leverte med lyst eller mørkt lok. På dei aller fleste var det ein særmerkt dekor i loket. Denne dekoren var han heilt åleine om. Dersom trykken fer fint med biletet av Muren-gitaren, kan ein sjå ei pynterand langs heile kanten på loket. Dette er ørsmå mørke og lyse finerbitar som er limde for hand i ei utfresa grop. Litt av eit putlearbeid. Det var helst Erling Hide som utførte dette arbeidet, nøyaktig og stø på handa som han var.
Far var bror til Bernt A. Muren, «Hole-smeden» som han vart kalla i daglegtale. Dei var flinke handverkarar begge, den eine dugande med treet, den andre med metallet. Desse to hjelpte kvarandre ofte. Eg minnest at i familiesamkomer av ymse slag vart ofte karane sitjande i ei krå med papir og blyant og med brillene på nasetippen. Då var det ein eller annan ting som skulle lagast. Ofte var det far som hadde trong for eit eller anna «spesial-verkty» – ei utfordring som onkel Bernt meir enn gjerne tok. Han var idérik og  evenyttig og såg på slike praktiske problem som eit høve til å nytte oppfinnartalentet sitt, – for oppfinnartalent hadde han. Og det hende vel at smeden trong eit eller anna som skulle lagast av tre. Då var det Alfred sin tur.

Tre generasjonar: Idar (artikkelforfattar), Alfred med barnebarnet, Lars Arne, son til Idar. Bildet var teke 1968, om lag eitt år før Alfred Muren døde.

 

Ei viktig brikke i gitarproduksjonen må nemnast, nemleg mor, Karen – eller Karn som folk sa.  Vel var far ein dugande snikkar, og Erling Hide ein kløppar til å lakke og polere. Men ingen av dei kunne kontrollere om produktet, den ferdige gitaren, heldt mål på det viktigaste området, nemleg det musikalske. Her var det mor kom inn i biletet. Ho var av den musikalske Gote-slekta, syster til Lars Gotten, kordirigent og organist i meir enn ein mannsalder. Under klargjeringa av gitarane var det ho som var kritikar. Ho stemde og prøvespelte kvar einaste gitar som vart levert frå Gjerdshaugen. Som oftast måtte strengene av og på fleire gonger før gitaren vart godteken. Far syntest nok stundom at ho var vel pirkete.

Alfred og Karen framfor huset dei bygde Gjerdshaugen i 1938

                  Sjølv om det kanskje er litt på sida av det denne artikkelen skulle handle om, syns eg at eg må nemne barnemusikklagct som mor dreiv i Gjerdsvika i mange år. Det har noko med gitarar å gjere. Ho samla jenter i 10 – 14 års alderen. (Gutane torde eller ville ikkje). Kvar søndag ettermiddag underviste ho i gitarspel. Det var litt av eit syn når barnemusikklaget med 15-20 songarar, dei fleste med Muren­gitarar om halsen, stilte opp på basarar og andre samkomer og let folket høyre kva dei hadde lært. Eg trur ikkje at nokon  i Gjerdsvika såg på dette som eit tiltak for å auke gitar-salet. Dei kjende mor godt nok til å vite at det låg andre interesser bak.

Etter at far slutta med gitarproduksjonen dreiv han ei tid med produksjon av  kjøkkeninnreiingar, kommodar og kjøkkenkrakkar heime på Gjerdshaugen. Seinare tok han arbeid hos Fr. Hagemann i Stokksund, der han hovudsakleg laga kjøkkeninnreiingar. I 1961 flytte far og mor til Volda. Han hadde ikkje helse til å vere i fullt arbeid. Likevel sysla han med ymse småarbeid, m.a. laga han nokre gitarar.

Far var ikkje særleg oppteken av politiske aktivitetar. Hjartesaka hans var ei varm og levande Guds-tru. Han vart medlem av pinseforsamlinga Eben-Eser i Volda ein gong i 20-åra. Dei siste åra i Volda budde han slik at han lett kunne nå samlingane i kyrkjelyden, noko han sette stor pris på. Han var ein mann som på ein fin måte sameina livsalvor med eit lyst sinn, der skjemten og den råkande replikken høyrde naturleg med.

 ***************************************

Comments are closed.